Opning som let seg høyre i Mo i Rana
KLIPP Dei to nye bygga vart opna av kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery. FOTO KAROLINA GORZELANCZYK / NASJONALBIBLIOTEKET
Statsbyggs nye lydlaboratorium og automatlager ved Nasjonalbiblioteket gir eit viktig løft til arbeidet med å sikre og gjere tilgjengeleg den norske kulturarven. I dag vart dei to bygga opna av kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
– Å sikre minnet vårt for ettertida på denne måten er heilt uvurderleg. Det som no blir digitalisert og gjort tilgjengeleg her i Mo i Rana, fortel ei lita historie om kven vi er og kven vi har vore her i landet. Så dette er ein stor dag – ikkje berre for oss som lever i dag, men òg for alle som kjem etter oss, sa av kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under opninga tysdag 25. februar.
Statsbygg fekk oppdraget med å planlegge prosjektet i 2020. Bygginga starta i 2022. Prosjektet har hatt ei kostnadsramme på 317 millionar kroner.
– Dette har vore eit svært godt prosjekt, der anlegga er ferdigstilt innanfor både tidsplan og budsjett. Det er òg gledeleg at prosjektet er tildelt Statsbyggs eigen pris «Den gylne hjelm» for godt arbeid med tryggleik, helse og arbeidsmiljø, seier avdelingsdirektør i Statsbyggs byggherreavdeling, Merete Hoff.
Stor satsing
Dei to nybygga utgjer totalt 4 500 kvadratmeter og gir rom for utvida digitalisering og bevaring av kulturarven. Nasjonalbiblioteket har auka bemanninga med 70 nye tilsette for å kunne digitalisere kulturarvmateriale for alle museum, bibliotek og arkiv i Noreg.
Lydlaboratoriet er eit teknisk avansert bygg med strenge krav til akustikk og inneklima. I tillegg er det bygd ein ny garasje og ei gangbru som bind saman automatlager 3 med resten av bygningsmassen.
MBA AS har vore totalentreprenør, og Haaland AS har vore totalteknisk underentreprenør. Begge er lokale verksemder i Mo i Rana.
Til fasaden på lydlaboratoriet har den lokale kunstnaren Sverre Gullesen utvikla eit stort og integrert verk med utgangspunkt i lyden frå dei første voksrullopptaka av folkemusikk som finst i arkivet til Nasjonalbiblioteket. Inne har han montert ein veggskulptur i betong. Verka er kuraterte av KORO.