lørdag, april 18, 2026
 



Mykje læring i avlyst innovasjonsprosjekt



FORSLAG Cirkahuset blei kåra til vinner av studentkonkurransen. FOTO TEAM CIRKA HOUSE

Ein umogen marknad og høgare pris enn venta gjer at Statsbygg avlyser konkurransen om å byggje Noregs første 3D-printa hus. Samstundes har konkurransen gitt verdifull innsikt om nye produksjonsmetodar til eit anna prosjekt i Trondheim, der teknologien òg blir utforska.

– Vi har framleis stor tru på desse teknologiane, men ser at vi har eit stykke igjen å gå her til lands. Sjølv om vi no avlyser akkurat dette prosjektet, er det ingen tvil om at nye måtar å designe og produsere på har mykje for seg. På sikt vil det kunne gi store reduksjonar i både materialbruk og CO₂-utslepp, og òg gjere byggeprosjekt meir effektive, seier avdelingsdirektør for forsking og innsikt Morten Dybesland i Statsbygg.
 
I starten av året inviterte Statsbygg til ein idékonkurranse der NTNU-studentar fritt fekk designe eit bygg, som skulle ha studentføremål, og som Statsbygg sette seg som mål å 3D-printe. Føremålet var å teste ut nye måtar å designe på, og korleis desse designmåtane saumlaust kan flyte inn i industrialiserte produksjonsmetodar i byggjefasen under norske forhold.
 
Vinnaren av konkurransen blei forslaget Cirkahuset. Etter å ha utforska den norske marknaden og gjennomført marknadsdialog, lyste Statsbygg ut konkurransen i sommar.
 
– Det var utruleg gøy å sjå dei spennande forslaga som kom inn frå engasjerte studentar. Vi lærte raskt at marknaden er mindre mogen enn vi håpte, og at vi ikkje er komne like langt som i andre europeiske land. Vi fekk få tilbod, og ingen av dei oppfylte dei tekniske krava eller var innanfor kostnadsramma vi hadde sett.
 
Fleire prosjekt på NTNU
 
Sjølv om konkurransen om Cirkahuset blir avlyst, jobbar Statsbygg samstundes vidare med teknologiane for å optimalisere design og teste ut robotiserte prosessar i byggjefasen. I samband med megaprosjektet NTNU Campussamling i Trondheim har Statsbygg ambisjonar om å tenkje nytt rundt design og reduksjon av materialbruk på universitetsområdet.
 
Planen er å 3D-printe ei bru, ei trapp og fleire fundament til lyktestolpar. Det vil gi meir læring om korleis design og produksjon kan optimalisere prosessar og sluttresultat på heilt nye måtar enn bransjen tidlegare har erfaring med.
 
– Vi har framleis stor tru på å teste ut nye design- og produksjonsmetodar, og på at vi kan hjelpe næringa i Noreg med å ta i bruk denne teknologien. Men å ta i bruk teknologi er ikkje nok. For verkeleg å få utnytta potensialet i framtida, må dette koplast mot forretningsmodell og innovasjon, og heilt andre måtar å tenkje samarbeid, kontraktstrukturar og innkjøp på.
 
Viktig innsikt
 
Sjølv om Cirkahuset ikkje blir bygd no, understrekar Dybesland viktigheita av innsikta Statsbygg har fått gjennom prosjektet.
 
– Vi har lært mykje om rolla vår som bestillar og korleis nye teknologiar i heile verdikjeda utfordrar oss når det kjem til tradisjonelle kontraktar og forretningsmodellar. Innovasjon krev fleksibilitet, og når teknologien er ny, må vi tore å tilpasse krava og akseptere høgare risiko. Det har vi vore villige til å gjere, men ser òg at vi no må gjere vurderingar rundt kva og korleis vi kan ta det vi har lært så langt vidare.
 
Dybesland ser fram til å halde fram utforskinga av ny teknologi med både store aktørar, små aktørar og akademia.
 
– Her har vi alle mykje å lære. Kunnskapen vil bidra til ei meir ressurs- og kostnadseffektiv næring, som utnyttar potensialet i ny teknologi på måtar som støttar verdiskaping for alle delar av verdikjeda.




The-Circa-House-.jpg

Veidekke: Nok et stort logistikkbygg på Gardermoen

Urban Partners’ Logicenters og Oslo Airport City har inngått avtale med Veidekke Logistikkbygg om å bygge et miljøsertifisert logistikkbygg som ... les mer

Statsbygg signerer Skanska til rehabiliteringen av Stortingets tilbygg

Stortingets tilbygg mot Akersgata i Oslo sentrum må utbedres. Nå har Statsbygg inngått kontrakt med Skanska for oppdraget.

... les mer


Veidekke: Milliardkontrakt signert i Kristiansand

Sørlandet sykehus og Kristiansand kommune har i dag inngått avtale med Veidekke om oppføring av et felles akuttbygg og helsehus på Eg i ... les mer

Nå bygges det nasjonale minnestedet etter 22. juli

Arbeidet med det nasjonale minnestedet etter terrorangrepene 22. juli 2011 er nå offisielt i gang. Tirsdag 24. februar inviterer Digitaliserings- ... les mer



Statsbygg søker tomt for Nationaltheatret

Før den historiske hovedbygningen i Oslo sentrum kan rehabiliteres, trenger Nationaltheatret et nytt sted for permanente biscener med tilhørende ... les mer

Veidekke: Nytt byggeoppdrag på Nye Aker sykehus

Veidekke har i dag skrevet kontrakt med Helse Sør-Øst RHF om å oppføre et teknisk bygg ved Nye Aker sykehus i Oslo. Oppdraget er en ... les mer


Rekordinteresse for vårt Summer internship - Statsbygg

Aldri før har Statsbygg fått så mange søkere – hele 2094 studenter ønsker å tilbringe sommeren hos oss.

... les mer
Oppstart for det nye nasjonale minnestedet etter 22. juli

Byggingen av det nye minnestedet etter 22. juli i regjeringskvartalet settes nå i gang. KORO (Kunst i offentlige rom) og Statsbygg har sammen ... les mer


Byggetrinn 1 er ferdigstilt

Kontraktsarbeidene i byggetrinn 1 av nytt regjeringskvartal er avsluttet. Trinnet er ferdigstilt innen avtalt tid og kvalitet, med en forventet ... les mer

Kontrollsenteret for regjeringskvartalet ferdigstilt

Statsbygg har ferdigstilt "Eksternt kontrollsenter" for post- og varer for det nye regjeringskvartalet. Senteret ligger sør for Oslo, på Mastemyr i ... les mer


Mykje læring i avlyst innovasjonsprosjekt

Ein umogen marknad og høgare pris enn venta gjer at Statsbygg avlyser konkurransen om å byggje Noregs første 3D-printa hus. Samstundes har ... les mer

Leverandørmøte om Eidsvoll ungdomsenhet

Statsbygg inviterer aktuelle totalentreprenører til leverandørmøte onsdag 19. november 2025 kl. 13:00 i våre lokaler i Byporten.

... les mer




Veidekke bygger siste trinn for Nordr på Helsfyr
Veidekke: Bygger fileteringsanlegg ved Gardermoen

Statsbygg rehabiliterer Norges idrettshøgskole
Wesselkvartalet i Asker vinner Statens arkitekt...

Milepæl for Norsk havteknologisenter
Planlegger 10 km lang skybruddstunnel

Slik skal Statsbygg flytte vikingskipene
Veidekke: Etablerer rammeverk for bærekraftkobl...

Grunnsteinsnedleggelse på campus Haugesund
Veidekke: Storkontrakt på NTNU for Statsbygg

Markedsundersøkelsen for Nationaltheatret er klar
Veidekke: Bygger svanemerkede boliger i Stockho...

Dette blir Statsbyggs Troll-team i Antarktis
God måloppnåelse og rekordhøyt aktivitetsnivå i...

Godt år for bærekraft i Statsbygg
Byggmarkedet nærmer seg vendepunktet

Dette blir Norges første 3D-printede bygg
Opning som let seg høyre i Mo i Rana

 
 
 
 
 
 
 
 

 Fylketbygges.no, Vikebuktvegen 17, 6392 Vikebukt
Org.nr. NO 898072622 MVA, Tlf.: 466 13 489
E-postadresse: frisvoll@gmail.com
Ansvarlig redaktør: Odd Einar Frisvoll
 
 
(C) Fylket bygges