Bygginga av nytt kontrollsenter startar til sommaren
KONTROLL Rundt det nye regjeringskvartalet skal det bli etablert ei sikkerheitssone. Post og varer til departementa vil først bli kontrollert ved det nye kontrollsenteret før det fraktast inn. FOTO STATSBYGG/TEAM URBIS/ NORDIC OFFICE OF ARCHITECTURE
Statsbygg har skrive kontrakt på 165 millionar kr med Mesterbygg Ringerike for det nye regjeringskvartalet sitt eksterne kontrollsenter, som skal byggast ei dryg mil sør for Oslo sentrum.
I forbindelse med bygginga av det nye regjeringskvartalet skal det etablerast eit eksternt kontrollsenter for post og varer på Mastemyr i Nordre Follo.
– Vi har gjennomført ein open anbodskonkurranse. Etter ei grundig evaluering fall valet på Mesterbygg Ringerike, som då blir totalentreprenør for dette prosjektet, fortel prosjektdirektør Jard Bringedal i Statsbygg.
Meisterbygg startar saman med Statsbygg nå opp arbeidet med vidare prosjektutvikling av senteret. Det blir planlagt for byggestart til sommaren med ferdigstilling 3. kvartal 2025. Verdien av kontrakten er ca. 165 millionar kroner.
Konkurransen for det eksterne kontrollsenteret med totalentreprise blei utlyst 7. desember 2023. Ved innleveringsfristen sin utgang 22. januar hadde Statsbygg motteke fem tilbod. Desse blei vurderte, og konklusjonen blei at Mesterbygg Ringerike AS skulle tilbydast kontrakten. Avtalen er no signert av partane.
Sikkerheitssone
Rundt det nye regjeringskvartalet skal det bli etablert ei sikkerheitssone, òg kalla perimetersikring. Når sikkerheitssona er i drift, må ein ha spesiell løyve for å køyre inn med køyretøy. Syklistar og gåande kan derimot passere fritt i gågate-liknande omgivnader.
Post og varer til departementa vil først bli kontrollert ved kontrollsenteret før det fraktast inn til Regjeringskvartalet. Òg serveringsstadar, butikkar og andre private aktørar som er lokaliserte innanfor sikkerheitssona og som får varene sine levert via køyretøy, må først få kontrollert vareleveransane sine ved kontrollsenteret på Mastemyr.
Frakt av godkjende post- og vareleveransar frå kontrollsenteret er planlagd med ein eigen elektrisk køyretøypark. Køyretøy frå nødetatar, Ruter og drift- og vedlikehald med fleire vil få alternative kontrollordningar.
Byggetrinn 1
Bygginga av Eksternt kontrollsenter for post og varer er ein del av byggetrinn 1 av det nye regjeringskvartalet. I byggetrinn 1 er òg bygging av A-blokka, D-blokka, kjellar, Ring 1 og perimetersikring, og dessutan rehabilitering av H-blokka og opparbeiding av plassar og byrom.