torsdag, januar 01, 2026
 



Statsbygg har funne botemiddelet for krykkja



PÅ FASADEN Slik så det ut etter at krykkja flytta inn på den eine fasaden til Nordnorsk kunstmuseum i Tromsø i fjor.

Måkefuglar som hekkar i vindaugskarmar både bråkar, øydelegg husfasadar og hindrar byggjearbeid. No har Statsbygg løyst problemet ved Nordnorsk Kunstmuseum.

Krykkja er sterkt trua og på raudlista. Ho hekkar i fjell, eller i vindaugskarmen på husfasadar. Der gjer ho frå seg der ho sit, men ho gjer ikkje reint etter seg.
 
Det gjer den mellomstore måkearten til ein mindre populær nabo langs kysten. I fjor hadde Statsbygg planar om å renovere dei tre fasadane på Nordnorsk Kunstmuseum, men rakk berre to. Fuglane hadde flytta inn på den tredje, noko fasaden og fortauet under bar tydeleg preg av.
 
– Krykkja var rett og slett for rask for oss i fjor, men i år var vi føre var. Den siste fasaden har vi no renovert. På fasadane brukte vi eit middel som reflekterer lys. Det oppfattar krykkja som eld, noko som gjer at ho ikkje set seg der, fortel Statsbyggs underdirektør Sigurd Lund.
 
Middelet er relativt nytt, så sjølv om det blir brukt fleire stadar er erfaringa med det avgrensa. På sikt kan det vere ei fare for at fuglane ven seg til det.
 
– Det høyrer òg med til historia at krykkja i staden har etablert seg på taket til stillasa. Dermed vil rivinga av stillasa kome i konflikt med fuglane. Tromsø kommune eig grunnen inntil museet, og vi må dermed leige grunnen til fuglen har floge. Det hadde vore betre med ein fugl i handa enn 10 på taket!

Flytta krykkjene inn på hotell
 
Krykkjene har vore ein del av Tromsø sitt bybilete i fleire år. Trass i at krykkjene ikkje angrip menneske, kan dei oppfattast irriterande med mykje lyd og tilgrising. Ein ting er at fasadane ikkje ser særleg pene ut, men tilgrisinga inneheld òg syre som kan øydelegge murpussen.
 
Statsbygg har hatt same problem på eit av sine andre bygg i Tromsø, nemleg Framsenteret. Her fann dei ei original løysing saman med kommunen i forfjor. Blant anna sett dei opp krykkehotell for å unngå busetting på fasadane.
 
– Fuglane fekk tilbod om hotellplass, medan vi fekk beskytta fasaden på Framsenteret med nett føre vindauga. Det løyste problemet med krykkjene, som synest å trivast på hotell, fortel Lund.




Måker.jpg

Mykje læring i avlyst innovasjonsprosjekt

Ein umogen marknad og høgare pris enn venta gjer at Statsbygg avlyser konkurransen om å byggje Noregs første 3D-printa hus. Samstundes har ... les mer

Leverandørmøte om Eidsvoll ungdomsenhet

Statsbygg inviterer aktuelle totalentreprenører til leverandørmøte onsdag 19. november 2025 kl. 13:00 i våre lokaler i Byporten.

... les mer


Veidekke bygger siste trinn for Nordr på Helsfyr

Veidekke skal bygge også det tredje og siste byggetrinnet med 172 leiligheter i boligprosjektet Grønvollkvartalet på Helsfyr i Oslo. Kontrakten med ... les mer

Veidekke: Bygger fileteringsanlegg ved Gardermoen

Oslo Airport City har inngått avtale med Veidekke Logistikkbygg om å bygge et miljøsertifisert fiskefileteringsanlegg som skal leies ut til ... les mer



Statsbygg rehabiliterer Norges idrettshøgskole

AF Gruppen er tildelt en samspillsentreprise av Statsbygg for vedlikehold og rehabilitering av Norges idrettshøgskole ved Sognsvann i Oslo. ... les mer

Wesselkvartalet i Asker vinner Statens arkitekturpris 2025

– Wesselkvartalet er et usedvanlig velutviklet arkitektonisk svar på årets tema: «gode byboliger», sier juryen i begrunnelsen.

... les mer

Milepæl for Norsk havteknologisenter

Studentene strømmet til det nye kontor- og undervisningsbygget i Norsk havteknologisenter, da det ble åpnet av statsråd Karianne Tung. Norges mest ... les mer

Planlegger 10 km lang skybruddstunnel

DANMARK: Byggingen av Svanemøllen Skyburst-tunnelen forventes å starte innen utgangen av 2025. Høringen starter i dag.

... les mer

Slik skal Statsbygg flytte vikingskipene

Kranbanen veier 115 tonn. Maksfarten blir 25 cm i minuttet. Nå gjøres de siste forberedelsene før Osebergskipet etter planen flyttes i ... les mer

Veidekke: Etablerer rammeverk for bærekraftkoblet finansiering

Veidekke har etablert et bærekraftkoblet rammeverk (Sustainability-Linked Financing Framework) for sin finansiering, med vilkår knyttet til mål for ... les mer


Grunnsteinsnedleggelse på campus Haugesund

Forsking- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland har lagt ned grunnsteinen til nybygget på campus Haugesund, Høgskulen på Vestlandet ... les mer

Veidekke: Storkontrakt på NTNU for Statsbygg

Etter ett års samspillsfase har Veidekke i dag skrevet kontrakt med Statsbygg om å bygge det nye Institutt for materialteknologi (P2) på NTNU i ... les mer





Markedsundersøkelsen for Nationaltheatret er klar
Veidekke: Bygger svanemerkede boliger i Stockho...

Dette blir Statsbyggs Troll-team i Antarktis
God måloppnåelse og rekordhøyt aktivitetsnivå i...

Godt år for bærekraft i Statsbygg
Byggmarkedet nærmer seg vendepunktet

Dette blir Norges første 3D-printede bygg
Opning som let seg høyre i Mo i Rana

Store utslippskutt i Statsbygg
Nytt rådhus ved Holmestrand stasjon

Fasaden på D-blokken er ferdig
Statsbygg går i gang med byggetrinn 2 i Regjeri...

Nytt fengsel på Ilseng
Grønt lys til byggetrinn 2 i regjeringskvartalet

Ny rapport: Slik blir 2025
Statsbygg lyser ut Troll-kontrakt

Ny prosjektdirektør på Livsvitenskapsbygget
Lysere tider for entreprenørmarkedet?

 
 
 
 

 Fylketbygges.no, Vikebuktvegen 17, 6392 Vikebukt
Org.nr. NO 898072622 MVA, Tlf.: 466 13 489
E-postadresse: frisvoll@gmail.com
Ansvarlig redaktør: Odd Einar Frisvoll
 
 
(C) Fylket bygges