torsdag, mai 08, 2025
 



Opna moderne bygg på historisk grunn



APPLAUS Studentane følger med framfor den oransje trappa, som er binder bygget saman frå bakkeplan til sjette etasje. FOTO BORGAR SAGBAKKEN/SIT

Opna moderne bygg på historisk grunn

Namnet har nesten 1000 år gamle røter i Trondheim, men innanfor dørene kan NTNU og Studentskipnaden no tilby undervisning og trening i topp moderne lokale.

Helgasetr samlar NTNUs helse- og sosialfag og Studentsamskipnadens (Sit) idretts- og serveringstilbod under same tak.
 
– For eit fantastisk bygg! Dette blir ein sentral møteplass for nokre av dei viktigaste profesjonsutdanningane vi har i landet. Vi treng at folk frå fleire fag jobbar saman når vi skal løyse dei store samfunnsutfordringane framover, sa forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel under opninga måndag 2. september, og la til:
 
– Eg er òg glad for å sjå at studentane får ein så flott plass til trening og fysisk aktivitet. Så har eg skjønt at helse- og sosialfaga òg vil ta i bruk idrettsareala til undervisning og forsking – så her snakkar vi verkeleg vinn-vinn for folkehelsa!
 
Byggherredirektør Marius Tunstad i Statsbygg la i talen sin vekt på berekraft, og kunne stolt fortelje at bygget har oppnådd sertifiseringa BREEAM-nor Excellent.
 
– Det er ei utmerking som viser at bygget har oppnådd svært gode berekraftige løysingar. Det har blant anna eit stort solcelleanlegg på taket, og det er òg planlagt og bygd som eit nullutsleppsbygg i drift, sa Tunstad.

Ei myldrande maurtue
 
Hjarte i Helgasetr er eit stort atrium, ope frå bakkeplan til glastaket i sjette etasje. Ei spektakulær oransje trapp snor seg opp gjennom bygget.
 
I Sits kantine i atriet kan du nyte ein roleg kaffi medan du ser fartsfantom sveitte på tredemølle, grupper ha yogatime, muskelgjengar løfte vektar eller fingersterke finne kjappaste rute oppover det 14 meter høge klatretårnet i nordvestre hjørne.
 
Namnet Helgasetr går tilbake til 1100-talet. Augustinarklosteret Monasterium «Sanctæ Sedis», eller Elgisetr kloster, blei reist på det som tidlegare var ein gard ved Nidelva. Elgi skal vise til ein gammal kultstad eller heilagdom, og det norrøne Elgisetr blei skriftliggjort som Helgasetr. Då det nye bygget i Elgeseter gate skulle realiserast blei det halde ein namnekonkurranse, og med den historiske susen sin blei Helgasetr vinnaren.

 




Helgasetr.jpg

Veidekke: Bygger svanemerkede boliger i Stockholm for OBOS

Veidekke har signert kontrakt med OBOS Nya Hem om å bygge nye leiligheter og rekkehus på Ekerö ved Stockholm. Prosjektet Brf Aroma på Träkvista ... les mer

Dette blir Statsbyggs Troll-team i Antarktis

Statsbygg har inngått kontrakt med Skanska for totalentreprise med samspill for nye Troll forskningsstasjon. I tillegg har Statsbygg signert avtale ... les mer



God måloppnåelse og rekordhøyt aktivitetsnivå i 2024

Statsbyggs måloppnåelse var god i 2024, sett i forhold til målene og kravene som er satt av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Det ... les mer

Godt år for bærekraft i Statsbygg

Store utsleppskutt, mindre energikjøp, universell utforming og ei ny oversikt over naturareal er berre nokre av høgdepunkta i Statsbygg sin ... les mer



Byggmarkedet nærmer seg vendepunktet

Til tross for fortsatt svak aktivitet i 2025, peker prognosene for entreprenørmarkedet i Skandinavia mot bedring og utsikt til ny vekst fra ... les mer

Dette blir Norges første 3D-printede bygg

Statsbygg har kåret vinneren av studentkonkurransen der nye design- og produksjonsmetoder skal testes ut under norske forhold. Nå er målet å sette ... les mer


Opning som let seg høyre i Mo i Rana

Statsbyggs nye lydlaboratorium og automatlager ved Nasjonalbiblioteket gir eit viktig løft til arbeidet med å sikre og gjere tilgjengeleg den ... les mer

Store utslippskutt i Statsbygg

Statsbygg har kuttet klimagassutslippene sine med 27% de fire seneste årene, på tross av at aktiviteten nesten er doblet. Mer klimavennlige ... les mer


Nytt rådhus ved Holmestrand stasjon

Administrasjonen i Holmestrand kommune har vært spredt, men nå skal endelig 260 ansatte samles i ett bygg. De skal leie lokaler i et nytt bygg fra ... les mer

Fasaden på D-blokken er ferdig

Fasaden på den nye D-blokken i regjeringskvartalet er nå klar. Det er en historie om Iddefjordgranitt og stolt norsk steinindustri.

... les mer

Statsbygg går i gang med byggetrinn 2 i Regjeringskvartalet

Gjenreisingen av Regjeringskvartalet fortsetter. Nå har Statsbygg oppstart på byggetrinn 2.

... les mer
Nytt fengsel på Ilseng

Statsbygg har valgt entreprenør for å bygge nytt høysikkerhetsfengsel på Ilseng. Det er gjennomført et forprosjekt som nå skal kvalitetssikres.

... les mer




Grønt lys til byggetrinn 2 i regjeringskvartalet
Ny rapport: Slik blir 2025

Statsbygg lyser ut Troll-kontrakt
Ny prosjektdirektør på Livsvitenskapsbygget

Lysere tider for entreprenørmarkedet?
Her flyr "Måken" for siste gang

Veidekke: Nytt boligoppdrag i Sandnes
Opna moderne bygg på historisk grunn

Link og Multiconsult vinner byutviklingsprosjek...
Storstilt åpning av nytt nasjonalteater og skol...

Bygger ferdig milliardprosjekt i Bjørvika
Statsbygg har funne botemiddelet for krykkja

Nå blir det ny skole på Stiklestad
Veidekke: Milliardavtale med Nordr i Oslo

Kongelig grunnstein på Vikingtidsmuseet
Kranselag på Statsbyggs største bygg

Første spadetak på grensen
Statsbygg sparer staten 2,4 mrd i kontorleie

 
 
 
 

 Fylketbygges.no, Vikebuktvegen 17, 6392 Vikebukt
Org.nr. NO 898072622 MVA, Tlf.: 466 13 489
E-postadresse: frisvoll@gmail.com
Ansvarlig redaktør: Odd Einar Frisvoll
 
 
(C) Fylket bygges