onsdag, februar 08, 2023
 



Ny undersøking av Statsbygg sitt omdømme



Foto: Hans Fredrik Asbjørnsen

Statsbygg har ein solid posisjon i byggenæringa, slår ei ny omdømmeundersøking fast.

– Det er viktig å måle jamleg kva samarbeidspartnarane våre i næringa tenker om å jobbe med oss. Her får vi nyttig informasjon, som vi kan bruke i arbeidet med å forbetre oss. Samtidig får vi slått fast at posisjonen vår i næringa er solid. Posisjonen kan vi bruke for å påverke og utvikle næringa, seier kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim i Statsbygg.
 
Denne hausten er det gjennomført ei omdømmeundersøking blant Statsbyggs største og viktigaste leverandørar. Hovudbildet i undersøkinga er at leverandørane ser på Statsbygg som ein attraktiv og profesjonell samarbeidspartnar.
 
Undersøkinga blei utført som anonyme djupneintervju av utvalde kontaktpersonar hos entreprenørar, rådgivarar og leverandørar for drift og vedlikehald, med ei god spreiing i både fagområde og geografi.

«Det eg er mest stolt over, er å få vere med på eit så samfunnsnyttig prosjekt. Det er berikande og nyttig … eg er stolt av å få representere Statsbygg»

FRÅ INTERVJU I UNDERSØKINGA

I intervjua fekk Statsbygg mange positive og konstruktive tilbakemeldingar frå leverandørar, både generelt og på spesifikke, strategisk viktige område.
 
Det er òg interessant at svært mange av tilbakemeldingane på både sterke sider og sider med forbetringspotensial, speglar funn i Statsbyggs eigne kundeundersøkingar og medarbeidarundersøkingar, påpeikar Hege Njaa Aschim.
 
Undersøkinga blei planlagt og gjennomført av Rambøll Management Consulting på vegner av Statsbygg. Funna er samla, analysert og strukturert i ein rapport som inneheld hovudfunn frå undersøkinga generelt.

 




Statsbygg-omdømme.jpg

Veidekke: Vil kjøpe entreprenør i Østfold

Veidekke har inngått intensjonsavtale om å kjøpe alle aksjene i entreprenøren Haugerud Vikeby AS i Mysen. – Vi ønsker å ta større del av det lokale ... les mer

Staten sparer milliardar i kontorleige

Statsbygg er rådgivar for statlege verksemder når dei skal forhandle kontorlokale med private utleigarar. I reforhandlingane blir det lagt vekt på ... les mer



362 millionar kroner til utbygging av breiband i heile Noreg

Kommunal- og distriktsdepartementet har fordelt 362 millionar kroner til utbygging av breiband i heile Noreg.

... les mer
Enighet om Hovedbygningen ved NTNU

I reguleringsarbeidet for NTNU Campussamling meldte Riksantikvaren i oktober innsigelse til forslaget til utforming av Hovedbygningen på ... les mer



La ned grunnsteinen for Blått bygg

Blått møtte kvitt då statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel i eit vinterleg Bodø la ned grunnsteinen til nybygget ved Nord universitet.

... les mer
Ny undersøking av Statsbygg sitt omdømme

Statsbygg har ein solid posisjon i byggenæringa, slår ei ny omdømmeundersøking fast.

... les mer

Storslagen kunst i A-blokken

Når A-blokken i det nye regjeringskvartalet står ferdig i 2025 vil du bli møtt av noe helt spesielt i inngangspartiet: Et 50 meter høyt kunstverk, ... les mer

Snart frist for storkontrakt for Norsk havteknologisenter

Byggingen av Norsk havteknologisenter er i full gang, og i løpet av vinteren vil Statsbygg inngå kontrakt med entreprenør til byggingen av det ... les mer


Ny utgåve av Åpent Rom

Det tok 60 år, men no har den sørsamiske befolkninga endeleg fått det museet og kultursenteret dei trong. Siste utgåve av Statsbygg-magasinet Åpent ... les mer

Ocean Space Centre får nytt navn

Ocean Space Centre endrer navn og blir Norsk havteknologisenter, eller The Norwegian Ocean Technology Centre på engelsk.

... les mer

Klart for bygging av det nye Vikingtidsmuseet

Statsbygg har signert kontrakt med AF Gruppen for grunnarbeida til det nye Vikingtidsmuseet på Bygdøy i Oslo. Kontrakten har ein verdi på om lag ... les mer

Statsbygg kjøper bustadprosjekt på Svalbard

Det er stort behov for nye bustadar i Longyearbyen. No kjøper Statsbygg ein planlagt blokk med 27 leilegheiter, som skal stå ferdig våren 2024.

... les mer




Skifer og stein får nytt liv i Nydalen
Statsbyggs prosjekter videreføres

Får ikke bukt med mangelfulle byggesøknader
Veidekke: Starter bygging av hovedkontor i Oslo

La ned grunnstein for Helgasetr
Ambisiøse energimål i Statsbygg

Rapport: Statens lokale 2021
Veidekke: Etablerer selskap for sirkulære løsni...

OBOS og Hafslund Ny Energi starter nytt solener...
Veidekke: Leverer råbygg til HENT i Stavanger

Galopperende kostnadsutvikling bekymrer
Kartlegger mangfoldet i eiendomsbransjen

Bærekraft må stå i første rekke
Norconsulter realiserte småbrukdrømmen

Tysk steinpris til Nasjonalmuseet
Statsbygg avslutter kontrakt

Lokale entreprenører bygger Oslo Space Centre
Minnestedet på Utøykaia åpnet

 
 
 
 

 Fylketbygges.no, Vikebuktvegen 17, 6392 Vikebukt
Org.nr. NO 898072622 MVA, Tlf.: 466 13 489
E-postadresse: frisvoll@gmail.com
Ansvarlig redaktør: Odd Einar Frisvoll
 
 
(C) Fylket bygges
123 movies