tirsdag, desember 16, 2025

Prosjekt

Minimize



Rehabilitering av Flaktveit barnehage i Bergen

Flaktveit barnehage er frå 1992. 53 barn går i barnehagen som har 16 tilsette. Bygget ber preg av slitasje og tekniske anlegg og andre konstruksjonar nærmar seg forventa levetid. 

Planløysinga er ikkje gunstig med trang korridor, små og lukka rom. Forholda for dagslys og fasilitetane for dei tilsette er ikkje tilfredsstillande. Areala tilfredsstiller ikkje arealnorma for innvendig leik og læringsareal.

Difor er det i prosjektet eit tilbygg som gi det arealet som er naudsynt for å halde på godkjenninga med det barnetalet som er i dag.
 
Garderobane skal få skiten og rein sone. Toaletta skal utbetrast. Det skal kome eigen personalinngang. Nytt teknisk anlegg skal kome på plass. Og skal opnast for meir lys inn i bygget. I tillegg skal utearealet betrast og det skal gjerast tiltak for å betre trafikktryggleiken.

Arbeida startet i desember 2024. I byggeperioden vil drifta av barnehagen bli flytta til erstatningsbarnehage i Blådalen. 

Vi gratulerer Bergen kommune med prosjektet og takker for oppdraget!

Klikk på modulene under og les mer om de som har vært involvert i prosjektet:















 Fylketbygges.no, Vikebuktvegen 17, 6392 Vikebukt
Org.nr. NO 898072622 MVA, Tlf.: 466 13 489
E-postadresse: frisvoll@gmail.com
Ansvarlig redaktør: Odd Einar Frisvoll
 
 
(C) Fylket bygges