D-blokka har nådd høgda si

Created 155 days ago
by Odd Einar Frisvoll

Categories: categoryalle
Views: 195

BLIR IKKJE BLÅ Det blå er ein klimavegg, som held vann og vind ute, og som gradvis blir mindre og mindre synleg etter kvart som fasaden på D-blokka blir granittbelagt. FOTO: Statsbygg

Det nye regjeringskvartalet reiser seg i Oslo sentrum, og D-blokka har no vakse seg til full størrelse.

Nybygget, som skal huse Statsministerens kontor og Utanriksdepartementet, er no komme 10 etasjar over bakken.
 
– D-blokka blir ikkje høgare enn dette. Råbygget er på plass, så no blir det jobba med fasade og innvendige arbeid, seier prosjektleiar Anders Wethal i Statsbygg.
 
D-blokka blir den største bygningen i det nye regjeringskvartalet med 10 etasjar og 29.500 kvadratmeter over bakken.
 
– Nokon har trudd at bygget blir blått. Det gjer det ikkje. Det blå er ein klimavegg, som held vann og vind ute, og som gradvis blir mindre og mindre synleg etter kvart som fasaden blir granittbelagt, forklarer Wethal.
 
I tillegg til kontor og spesialfasilitetar for Statsministerens kontor og Utanriksdepartementet vil nybygget innehalde fellesfunksjonar for heile regjeringskvartalet, som kantine, fleirbrukssal, treningsrom og møterom.
 
– Dei fysiske arbeida med D-blokka starta i 2021. Vi skal ferdigstille bygget i 2025, slik at det blir klart for innflytting frå slutten av 2025, fortel Statsbyggs prosjektleiar.
 
Byggetrinn 1
 
D-blokka er ein del av byggetrinn 1 av nytt regjeringskvartal. I byggetrinn 1 ligg blant anna òg bygging av A-blokka og kjellar, rehabilitering av Høgblokka og opparbeiding av byrom.
 
– Aktiviteten innanfor byggegjerdet i regjeringskvartalet er for tida svært stor. I snitt er det 650 arbeidarar i sving kvar dag, seier Anders Wethal.
 
Byggetrinn 2 er foreslått å innehelde bygging av C-blokka, rehabilitering av G-blokka frå 1906 og etableringa av delar av regjeringsparken. Byggetrinn 2 og eit eventuelt byggetrinn 3 føreset godkjenning av Stortinget.
 
Statsbygg er byggherre og Team Urbis m/Nordic Office of Architecture er arkitekt for det nye regjeringskvartalet. Hent AS er entreprenør for bygginga av D-blokka.

 



dBlokkaFerdig1.jpg