Staten bruker mindre areal

Created 309 days ago
by Odd Einar Frisvoll

Categories: categoryalle
Views: 224

Statsbygg sin årlege rapport om statens bruk av lokale blei publisert i dag.

Sidan 2019 er arealbruken i staten redusert med 176 000 kvadratmeter. Det kjem fram i Statsbygg sin årlege rapport om statens bruk av lokale, som blei publisert i dag.

PUBLISERT 24.5.2023
FOTO STATSBYGG/HANS FREDRIK ASBJØRNSEN

– Eg er imponert over den jobben som er gjort for gjere statlege lokale meir arealeffektive. Mindre pengar til lokale betyr at vi får meir pengar til å kunne gi folk betre tenester og til andre viktige formål, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
 
På fire år er kontor- og fellesareal per tilsett redusert frå nesten 30 kvadratmeter til under 28 kvadratmeter. Gitt ein gjennomsnittleg kvadratmeterpris i 2022 på 2 464 kroner, utgjer innsparinga om lag 1,7 milliardar kroner.
 
– Rapporten viser at staten har eit enormt potensiale for å spare areal og pengar. Som statens rådgivar i slike saker skal vi bidra til det, seier Harald Vaagaasar Nikolaisen, administrerande direktør i Statsbygg.
 
I det nye regjeringskvartalet er det berekna 23 kvadratmeter per tilsett. Det viser at statlege verksemder har eit stort potensial for å bruke mindre pengar på areal.
 
– Mange av lokala staten har leigd over år har vore tilpassa ei anna tid og andre måtar å arbeide på. Det er viktig at lokala er tilpassa verksemda sine aktivitetar, og ein arbeidskvardag der ikkje alle sit ved kontorpulten sin bak ei lukka dør kvar dag, seier Gjelsvik.
 
Meir effektive lokale
 
Ei av dei viktigaste årsaka for kostnadene ved eit leigeforhold er kor mange kvadratmeter det er per tilsett. Ved reforhandling av leigekontrakten i markanden oppnår mange meir effektive lokale.
 
Statens jernbanetilsyn, Nasjonalt tryggingsorgan og Landbruksdirektoratet er blant dei som har redusert kostnadene sine med meir enn 50 prosent. Datatilsynet, Direktoratet for E-helse og Norsk pasientskadeerstatning har redusert sitt areal med meir enn 50 prosent..
 
Rapporten visar òg leigekontrakten si varigheit. Frå 2023 til 2028 skal statlege verksemder flytte frå lokale med ein total leige på over 5,7 milliardar kroner. Dersom staten når målet om å redusere kostnaden med 15 prosent for nye leigekontraktar i markanden, vil det utgjere ein årleg sparing på over 850 millionar kronar.
 
Statsbygg hjelper statlege verksemder som leiger lokalar i marknaden. Rådgivingstenesta er obligatorisk for nye kontraktar med en totalramme på over 30 millionar kroner i husleige, unnateken NAV og Politiet.
 
Staten brukte 18,3 milliardar kroner på eigde og leigde lokalar i 2022. Sjølv om staten brukte mindre areal i 2022 enn i 2021, har kostnadene auka med nesten 1,3 milliardar kroner. Årsaka er hovudsakeleg den høge prisveksten.
 
Kven er utleigaren?
 
I år er statens leigekontraktar i marknaden kopla med informasjon om utleigar i «Enhetsregisteret». Dette er nytt.
 
– Det er viktig å vite kven staten leiger av. Fellesskapet sine pengar skal ikkje gå til menneske og selskap som er underlagt sanksjonar, og verksemdene treng sikre lokale, seier Gjelsvik.

 



Staten-bruker-mindre-areal.jpg