Trondheimskunstnar skal prege Norsk havteknologisenter

Created 344 days ago
by Odd Einar Frisvoll

Categories: categoryalle
Views: 196

Den trønderske kunstnaren Håvard Homstvedt er invitert til å utvikle eit omfattande kunstforslag til det som skal bli eit av verdas mest avanserte anlegg for forsking og undervisning i havnæringane.

PUBLISERT 15.5.2023
FOTO LINK ARKITEKTUR

Det er KORO (Kunst i offentlege rom) som står bak invitasjonen til den trønderske kunstnaren. Forprosjektet som Homstvedt skal i gang med for Norsk havteknologisenter i Trondheim omfattar både den antikvariske bygningen Tankhodet frå 1930-talet og det nye uteområdet, som har fått namnet Tankplassen.
 
– Val av kunstnar er spennande. Som byggherre er vi saman med NTNU og SINTEF, som skal ha verksemda si i senteret, opptekne av at kunsten skal tilføre senteret ein dimensjon som forsterkar bygga si meining. Vi set stor pris på samarbeidet med KORO i byggeprosjekta våre, seier prosjektleiar Simen Bakken i Statsbygg.
 
Tydeleg signatur
 
Homstvedt (f. 1976) bur og jobbar i Oslo og har kunstutdanninga si frå Yale University School of Art og Rhode Island School of Design i USA. Han er ein internasjonalt anerkjent kunstnar med utstillingar i Los Angeles, New York, Paris og Napoli bak seg. I Noreg er han representert av Galleri Riis, og han er innkjøpt av både Kunstsilo i Kristiansand og Nasjonalmuseet i Oslo.

KORO grunngir valet av kunstnar med at Homstvedt har ein tydeleg signatur og evnar å møte det nye senteret si ingeniørkunst og fokus på berekraft gjennom å beherske ulike format og materialar. Kunstnaren uttrykker seg først og fremst med måleri, men òg teikning, skulptur og grafikk.
 
– Homstvedt er ein relevant kunstnar for det nye havteknologisenteret då kunsten hans pregast av samspelet mellom mennesket og naturkreftene. Han jobbar godt både innandørs og utandørs, og med store flater og ulike format, noko dei fysiske rammene for Norsk havteknologisenter krev, seier Marit L. Flåttar, kurator for KORO.
 
– Unikt og viktig
 
Homstvedts forprosjekt skal leverast i 2024. Dersom hans kunstnariske konsept vedtakast skal kunstprosjektet stå ferdig i 2028, når rehabiliteringa av Tankhodet og utforminga av uteplassen er planlagt ferdigstilt. Tankhovudet vil bestå av arbeidsplassar for NTNU og SINTEF, ein spisestad og senteret sin møteromarena. Kunstnaren ser fram til å komme heim til Trondheim og arbeide med eit kunstforslag til anlegget på Tyholt.
 
– Norsk havteknologisenter er unikt og viktig for Trondheim som teknologihovudstad. Senteret si forsking på livet både på og i havet vil speglast i kunsten mi. Eg er òg oppteken av teknologien sin påverknad på mennesket og natur, seier kunstnar Håvard Homstvedt.
 
Den nye kunsten vil inngå i den eksisterande kunstsamlinga til NTNU ved tidlegare Marinteknisk senter på Tyholt. Samlinga består av fleire hovudverk, blant anna ein sju meter høg sveisa stålskulptur av Kristian Kvakland (1927–2011) og ein kunsthistorisk viktig bildevev av Brit Fuglevaag (f. 1939). eit samleomgrep for kunsten til Norsk havteknologisenter er Mennesket og kreftene.
 
Norsk havteknologisenter vil ved ferdigstilling omfatte både undervisnings- og forskingsverksemda til NTNU i marin teknikk og forskingsverksemda til SINTEF. Senteret på Tyholt vil bestå av fleire bygg. Etter planen skal arbeidsplass- og undervisningsbygget stå ferdig i 2025, Bassengbygget i 2027 og studentlaboratoria og rehabiliteringa av Tankhodet vere ferdig til innflytting i 2028.



norskHavteknologisenterTank.jpg