Gode resultat for Statsbygg i 2022

Created 1 years 34 days ago
by Odd Einar Frisvoll

Categories: categoryalle
Views: 193

OPNING Saemien Sijte på Snåsa var eitt av Statsbyggs ni nybygg som vart opna i fjor.

I 2022 forvalta Statsbygg eit samla areal på 2,84 mill. kvadratmeter, og investerte heile 1,2 mrd. koner i vedlikehald av dei. Samstundes opna Statsbygg ni nybygg i løpet av året.

– Året 2022 har vore eit spesielt år prega av uvisse og uro med krig i Ukraina og etterfølgande kraftig prisvekst på energi og mange andre av innsatsfaktorane våre. Det høge prisnivået utfordrar dei økonomiske rammene, spesielt i dei aller største byggeprosjekta våre. Statsbygg nådde likevel dei fleste måla sine i 2022 og kundeundersøkinga vår viser at Statsbygg har godt tilfredse kundar, seier administrerande direktør Harald Vaagaasar Nikolaisen i Statsbygg.
 
Årsrapporten for 2022 er no lagt fram for Kommunal- og distriktsdepartementet. Statsbygg forvalta ved utgangen av året eit samla areal på 2,84 mill. kvadratmeter eigedom, og leigeinntektene utgjorde 5,8 mrd. kroner.
 
Statsbygg investerte 8,3 mrd. kroner i byggeprosjekta sine. Gjennom året var 34 prosjekt under planlegging og 39 prosjekt under bygging, medan ni blei opna.
 
Statsbygg selde eigne eigedommar med ein gevinst på 392 mill. kroner i fjor. I tillegg hadde Statsbygg i oppdrag å selje andre eigedomar på vegner av staten, blant anna på Adamstuen i Oslo. Desse sala gav staten ei inntekt på nærare 1,9 mrd. kroner i 2022.
 
– Eit av Statsbyggs samfunnsoppdrag er å vareta den verdien statens eigedomar representerer. Vi gjennomførte vedlikehald for over av 1,2 mrd. kroner i fjor. Vi jobbar systematisk med tilstandsanalysar for å avdekke behov for vedlikehaldsarbeid, og det er gledeleg å kunne rapportere at bygningane våre gjennomgåande er godt heldt ved like, seier Nikolaisen.
 
I forbindelse med årsrapporten legg Statsbygg òg fram sin første berekraftsrapport, som samlar resultat innan klima og miljø, sosiale forhold og styring og økonomi.
 
Frå Stavanger til Antarktis
 
Statsbygg har i 2022 hatt mange viktige oppdrag i planleggingsfase. Nokre av desse er konseptvalutredningar for Troll forskingsstasjon i Antarktis, Høgskolen i Innlandet og Stavanger tinghus. Statsbygg har òg hjelpt i ei rekke statlege etatar med leige av lokale i den private marknaden, noko som har ført til at staten vil spare 300 mill. kroner over ein kontraktsperiode på ti år.
 
I årsrapporten kjem det òg fram at Statsbygg målretta jobbar med tiltak mot useriøse aktørar i bransjen. Krav blir stilt til blant anna faglærde, lærlingar og faste tilsettingar, og det blei gjennomført systematiske kontrollar for å sikre etterleving av krava.
 
2022 fortsette Statsbyggs effektivisering av eigedomsforvaltninga seie. Forvaltningsarealet per driftsårsverk var det høgaste dei siste fem åra med 10 660 kvadratmeter per årsverk, og driftskostnadene var dei lågaste i same periode med 72,2 kroner per kvadratmeter. Energibruken per kvadratmeter var òg blant dei lågaste med eit forbruk på 190 kWh per kvadratmeter.

 



SaemienSitje.jpg