Staten sparer milliardar i kontorleige

Created 1 years 62 days ago
by Odd Einar Frisvoll

Categories: categoryalle
Views: 161

Statlige etater kan spare store penger når de leiger lokale i den private merknaden fortel kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik og administrerande direktør Harald V. Nikolaisen.

Statsbygg er rådgivar for statlege verksemder når dei skal forhandle kontorlokale med private utleigarar. I reforhandlingane blir det lagt vekt på å finne kostnadseffektive og arealeffektive lokale. Samtidig blir det stilt krav til miljøvennlege løysingar som gir lågare energiforbruk, og dermed òg lågare energikostnader og redusert klimafotavtrykk pr. tilsett.
 
Sparte leigekostnader
 
– Eg er oppteken av at staten skal bruke fellesskapet sine pengar smart og effektivt, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik:
 
– Statsbygg har gjort ein solid jobb med å reforhandle leigekontraktane dei siste åra. Allereie sparar vi mykje pengar. I åra framover skal stadig nye kontraktar forhandlast om, og det er eit stort potensiale for innsparingar – noko som gagnar både fellesskapet og dei som arbeidar i verksemdene som får nye lokalar.
 
I 2022 blei det reforhandla 13 leigekontraktar frå Grimstad i sør til Hammerfest i nord. 1870 statstilsette har fått nye arbeidsplassar i moderne lokale. Reforhandlingane gav ein reduksjon av leigekostnadene på 37,7 millionar kroner samanlikna med tidlegare. Det er eit kostnadskutt på 33 % pr. tilsett. Reknast leiga i noverdi under heile leigeperioden er innsparinga på kontraktane heile 306 millionar kroner over 10 år.
 
Databasen Statens lokale blei oppretta i 2018. Den gav staten ei heilskapleg oversikt over både eigde og leigde lokale, og nye moglegheiter til å samanlikne og analysere forskjellige verksemder sine bruk av areal.
 
Reknast noverdi av alle kontraktar som er inngått i perioden 2018 – 2022, har Statsbyggs rådgiving bidrege til å redusere leigekostnadene for statlege verksemder med heile 2,1 milliardar kroner.

Spart areal og energikostnader
 
–  Hovudårsaka til dei reduserte leigekostnadene, er arealeffektivisering. Dei 13 leigekontraktane som blei reforhandla i 2022 representerte ei samla arealeffektivisering på 24 000 kvadratmeter BTA, fortel administrerande direktør Harald V. Nikolaisen i Statsbygg .
 
Mindre areal reduserte samtidig energikostnadene med 2,6 millionar kroner. Det betyr ein reduksjon av klimafotavtrykket pr. tilsett målt i kg/CO2 på heile 68 %.
8 300 statstilsette har sidan 2018 flytta inn i nye lokale med Statsbygg som rådgivar, det har ført til ein total reduksjon i arealbruken på 119 805 kvadratmeter som svarer til nesten 1000 gjennomsnittlege einebustadar i Noreg.
 
Statsbygg sine rådgivingstenester
 
Statsbygg jobbar for tida med 58 prosjekt der statlege etatar leitar etter nye lokale hos private utleigarar. Statsbygg hjelper med å definere etatane sine behov og krav. Når det er beskrive, hjelper Statsbygg til med marknadssøk, tilbodsevaluering, kontraktsforhandling og oppfølging av kontraktsvilkåra. Statsbygg kan òg hjelpe med brukarprosessar og endringsleiing i forbindelse med flytting og val av moderne arbeidsplassløysingar.
 
På nettstaden statensinnleie.no blir det lagt ut søk etter leigelokale for statlege verksemder i heile landet og kommuniserer med tilbydarar i marknaden.

 



ministerGjelsvigOgHarald-e1.jpg