Klart for bygging av det nye Vikingtidsmuseet

Created 1 years 152 days ago
by Odd Einar Frisvoll

Categories: categoryalle
Views: 268


Statsbygg har signert kontrakt med AF Gruppen for grunnarbeida til det nye Vikingtidsmuseet på Bygdøy i Oslo. Kontrakten har ein verdi på om lag 500 millionar kroner.

– Med denne kontrakten på plass kan vi starte førebuinga til bygginga, seier Statsbyggs byggherredirektør, Marius Tunstad:
 
– I november begynner vi eit omfattande arbeid med utgraving av tomta og førebuingar til bygging. Vi er glade for å ha med oss dyktige og kompetente AF Gruppen til denne jobben, seier Tunstad.
 
– Vikingskipa er blant Noregs fremste kulturminne, seier Birger Kristiansen, direktør i AF Byggfornyelse:
 
– Vi ser fram til å fortsette det gode samspelet med Statsbygg og Universitet i Oslo. Saman skal vi fortsette med å legge grunnlaget for eit bygg som skal konservere og bevare dei skjøre skipa, som er ein del av den felles verdsarven vår. Vi har lang erfaring og dyktige fagfolk, som vil sørge for at museet får ein solid grunn, seier Kristiansen.
Det nye museumsanlegget blir verdas største og mest innhaldsrike om vikingtida. Prosjektet blir gjennomført med Statsbygg som byggherre på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.
 
Det nye museumsanlegget vil bestå av to delar. Dagens vikingskiphus blir bevart, og i tillegg blir det bygd eit stort nybygg. Det nye vikingtidsmuseet er eit byggeprosjekt med krevjande grunnforhold, store betongarbeid, spektakulær arkitektur samt strenge krav til miljø, inneklima og sikring av skjøre gjenstandar.
 
Når museumsanlegget står ferdig i 2026 blir det ein verdsattraksjon, som vil gi publikum ei unik moglegheit til å oppleve verdas best bevarte vikingskip. Heile museumsanlegget blir totalt drygt 13.000 kvadratmeter, tre gongar så stort som det noverande Vikingskipsmuseet.
 
Det nye vikingtidsmuseet skal innehalde ei publikumsretta samling av gjenstandar frå Vikingskipsmuseet og frå Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo, og dessutan funksjonar for forsking og konservering.
 
Fakta om museet
• Oppdragsgivar: Kunnskapsdepartementet
• Brukar: Universitetet i Oslo, Kulturhistorisk museum
• Byggherre: Statsbygg
• Arkitekt: AART Architects
• Rådgivarar: Brekke & Strand, DIFK, MG Engineering, Multiconsult og Noregs Geotekniske Institutt
• Totalentreprenør bygg: AF Gruppen
• Brutto bygningsareal: 13.100 kvadratmeter (3.800 eksisterande museum og 9.300 nybygg)
• Byggestart/Ferdigstilling: 2023/2026
• Avgjord kostnadsramme: 2,1 mrd. (2020)
 



Museum-Statsbygg.jpg