Den gylne hjelm til Campus Ås

Created 2 years 79 days ago
by Odd Einar Frisvoll

Categories: categoryalle
Views: 389

NYBYGG Veterinærinstituttet og Veterinærhøgskolen flytta i 2020 frå Adamstuen i Oslo til Ås. Her er dei nå samlokaliserte i eit nybygg ved Noregs miljø og biovitskaplege universitet.

Den gylne hjelm til Campus Ås

Statsbygg har tildelt prisen Den gylne hjelm 2021 til Campus Ås-prosjektet. Prisen blir kvart år gitt til eit prosjekt som har utmerkt seg med godt arbeid for sikkerheit, helse og arbeidsmiljø (SHA).

Prisen blir tildelt internt i Statsbygg, men heng likevel høgt å få. Med rundt 100 byggeprosjekt i arbeid, er konkurransen stor. Prisen er også blitt ei drivkraft for å jobbe innovativt for trygge arbeidsplassar og gode arbeidsforhold for alle.
 
Byggeprosjektet på Campus Ås får prisen for sitt bidrag til forsking på SHA i samarbeid med Multiconsult, der vurderingar og leveransar i prosjekteringsfasen blei haldne saman med uønskte hendingar i byggefasen over ein periode på tre og eit halvt år. Utviklingsprosjektet resulterte i ein nyttig rapport med 10 anbefalingar som kan brukast av heile bransjen, både prosjekterande, byggherre og entreprenørane.
 
– Denne type utviklingsprosjekt er viktig for å sette søkelys på korleis dei prosjekterande kan bidra til trygge byggeplassar alt i planleggingsfasen, seier Knut Aaneland i Multiconsult:
 
– Det blei tidleg klart for oss at sikker produksjon handlar om å forstå heile produksjonskjeda, frå oppstart prosjektering til ferdig bygg. Samarbeidet med Statsbygg har vore svært godt, og så vidt vi veit har det ikkje vore gjennomført tilsvarande studiar over eit så langt tidsrom.
 
Som eit ledd i prosjektet tok fem studentar på NMBU masteroppgåvene sine innanfor SHA på Campus Ås. Multiconsult fungerte som fagleg rettleiar og mentor, mens Statsbygg la forholda til rette ved å opne Campus Ås for studentane og gi dei tilgang til nøkkelinformasjon og personell.
 
Det same gjorde hovudbedriftene. Dette resulterte i eit godt samarbeid mellom Statsbygg, Multiconsult og alle entreprenørane som var prega av openheit og tillit.
 
– Campus Ås-prosjektet har også fått prisen for svært godt SHA-arbeid på ein stor og komplisert byggeplass. Det har vore få alvorlege hendingar med stort skadepotensial, etter mange års bygging av Veterinærbygget og dei tilknytte byggeprosjekta på campus, seier Tanja Dugstad, SHA-leiar i Statsbygg.

 



Campus-A.jpg